post@urtogugras.no

906 97 792

Header Image
about

KVEN ER ME?

Urt & Ugras vart skapt under koronapandemien i 2020 og utvida med kafé i 2021. Me ønskjer å gi Stord ny matglede, der me kan inspirere folk med nye smakar, samt gamle klassikarar med eit friskt pust.

Vårt fokus er å fremje lokale matprodusentar, rein mat, eit breitt utval tenester og vidareføre vår brennande yrkesstoltheit.

Urt & Ugras vart starta med tanken om at urt representerer det fine og raffinerte i auge til matentusiasten. Med «Ugras» ønskjer me å bringe nye mattrendar til Stord – trendar som kjem og går, akkurat som ugras! Dette formidlar me mellom anna gjennom kaféen vår.

Me sprer «Ugras» over store område, mellom anna i Stord, Fitjar, Bømlo, Sveio, Haugesund, Bergen og Hardanger.

about

VISJON

  Urt & Ugras skal skape unike matopplevingar gjennom yrkesstoltheit på ein berekraftig måte.

Berekraft har fleire sider. Gjennom bruk av lokale råvarer, fokus på å minske matsvinn og gjennomtenkte val av emballasje, legg vi til rette for ein sirkulær økonomi. Vårt største berekraftstiltak er å utdanne nye fagfolk i vår bransje. Samstundes legg vi til rette for eit godt arbeidsmiljø og ein trygg arbeidsplass for å behalde våre dyktige medarbeidarar lengst mogleg i ein bransje med låg «pensjonsalder». Vi trur at berekraft blir skapt frå kjerneverdiane i bedrifta.

image with cookiesimage with cookies